Stikkord » kunst

inspo: simon stålenhag

22.08.2013 10:31

simon stålenhag. fantastisk svensk kunstnar som brukar tema som sci-fi og 70-tals retro i bileta sine. på ein skremmande god måte. sjå meir på heimesida hans,simonstalenhag.se ❤

eit knippe av mine siste målerier.

04.06.2013 19:29

nokre arbeidar frå dei siste vekene på skulen. akryl, akvarell, blyant og tusj på treplate, ligg på rundt 140cm x 120cm i størrelse. følar meg nøgd med dette semesteret og gler meg til sumarfest med skulen på torsdag! hurra. ❤ kos!

smau.

15.04.2013 12:59

denne kan du få på din vegg. berre gå inn på society6 og trykk kjøp.

i går..

13.04.2013 08:53

/øverste bilete lånt av andrè borlaug grønningen. ..sto me midt på torgallmenningen og promoterte roskilde road trip! superdupergøyt! les meir om arrangementet her på facebook!

småting frå skisseboka

09.04.2013 15:16

berre random. men litt søte. er SÅ glad for at scanneren endeleg fungerer som den skal! meir skisseboktull kjem! :)

nordnoreg

27.01.2013 17:16

snø. mørke. fjell. fisk. kunst. nordnoreg altså. tidligare i år reiste meg og mannen ein tur opp til lofoten for å helsa på familien hans. utruleg kjekt og utruleg fint. og som eit pluss er lofoten eit fotoparadis utan like. så mykje å sjå på for nokon som aldri har vore der før. og i allefall for meg med kamera. håpar så ...

instaxkjærleik

21.01.2013 22:30

ja. eg er her altså. tenkjer på bloggen kvar dag. har så himla lyst til å sei så mykje. vise dykk alle bileta mine. teikningar. kunsten min. alt. men så er eg her ikkje likevel. tida strekk ikkje til. eg vert trøtt. skal trena. skal jobba. skal teikna. skal på skulen. men tjohei. MÅ prøva å vera her litt meir. ok? <3 ...

i det siste har eg..

04.12.2012 23:01

laga kjekke ting på skulen. vore i fjellet. vert på blassblåsing med ein del av klassen. vore med mi fine mor på bryggeloftet og på skoutstilling på bryggens museum. ete god mat sånn ellers også. vore på familiesamling hjå fetter lasse og ingebjørg i hellevegen. vert fotograf på hulen for ein del konsertar. og ikkje minst, ...

bilete frå det ferdige prosjektet på kunstskulen!

07.11.2012 21:05

etter å ha jobba i tre veker med dette prosjektet i forbindelse med perioden "miljø inne/ute" så er det deilig å vera ferdig! det har vore både tungt og vanskeleg til tider, men i alle høgaste grad utruleg kjekt og spennande! fantastisk å jobbe stort (men litt deilig at me har ei veka med leire og gips no, altså berre småar...

ein smakebit av prosjektet mitt på kunstskulen.

29.10.2012 22:04

ein liten smakebit av prosjektet mitt på kunstskulen. jobbar heilt sjølvstending, med inspirasjon frå ein valgt plass/ein stad. har valgt å fokusere på linjer, skuggar, perspektiv/forflyttningar og enkel materialbruk. men, ikkje heilt ferdig endå. fortsatt jobbing fram til torsdag, så gledar meg til å fortsetta i morgon, ya...

ein to tre. haust!

10.10.2012 18:39

sauer. haust. regn. gras. gule lauv. støvlar. bruntonar. innetid. oransje. uvær. kos. vått. regnklede. hausten har sin sjarm den og. ♥ kva likar du best med hausten?

sort/kvit.

08.10.2012 23:15

nokre få bilete frå klasseturen til øygarden. sjølv om det var fantastiske haustfargar på desse bilete så følte eg at svart/kvit fanga motiva like bra. vår vakre, deilige natur. ♥

ein månad.

08.10.2012 21:31

oi! av og til går tida så frykteleg fort. eg oppdaga akkurat at det har gått over ein heil månad utan blogging! blogglysten er der, for all del. men akkurat no strekk ikkje tida til. sidan eg fyller dagane mine med kunstskule, jobbing i lampebutikken og som fotograf på hulen (sjå hulen sin flickr.) så vert blogging nedprior...

ti ting eg gleder meg til..

07.08.2012 16:56

ein.fredag, for då kjem den aller finaste mannen heim. to. september. då byrjar semesteret på kunstskulen i bergen. tre.lønn og ny data. den eg har no lev sitt eige liv. /eddieross.com fire. litt ferie før skulen. fem. å komma skikkeleg igang med å bu i lag med verdas beste sambuar i det vesle huset. /call-me-cu...

tre dagar på kunstskulen pluss svar på opptaksprøve.

10.06.2012 14:35

tysdag. onsdag. torsdag. desse dagane var eg på kunstskulen i bergen, kib, i lag med sånn circa femti andre. femti ukjende menneske. alle desse femti menneska ynskja seg ein plass på skulen. me mala, teikna, tusja, teipa. drakk mengder med kaffe. minuttane, timane, dagane gjekk så fort. alt for fort. på fredag fekk me veta ...

opptaksprøve på kunstskulen.

04.06.2012 21:52

sånn kjempe grugledar meg. vera på ein heilt ny skule i tre dagar. ikkje sjå nokon av dei fine medelevane mine i klassen min før på fredag. ha opptaksprøve med oppgåver eg ikkje veit noko om. møta heilt nye mennesker eg ikkje kjenner. men det går kjempefint. ❤

inspirasjon - mark demsteader

23.05.2012 22:42

mark demsteader. fantastisk kunstnar frå england. berre sjå på bileta hans. dei er så triste. men himla fine.(det er forresten han som har malt mange sinnsjukt fine bilete av emma watson, viss du har sett dei!) akkurat no vert eg berre kjempeinspirert av han, får lyst til å dansa rundt i ein ballkjole mens eg maler på vegg...

bergensteikningar

23.04.2012 15:51

/a4 teikningar. inspirasjon frå bergen sine små smau. dette er eit lite knippe av teikningar som skal vera til salgs på markedet i trikkehallen, bergen sundag den 29. april. her finn de event på facebook ❤

endå ein himla vakker musikkvideo.

18.04.2012 21:35

/gotye-somebody that i used to know vakker sang. vakker musikkvideo. vakre augo. ❤ ja.

hundre og nittiein rosa bobler.

12.04.2012 21:06

/måleri av meg som heng over senga. akryll på lerret. det er ein sånn dag som går så frykteleg seint. så seint at det kjennast ut som om ein har vore våken i syttito timar. omtrent. sjølv om det ikkje er så lenge. så kjennast det ut som om eg har gjort hundre og nittiein ting. men eg har berre gjort ti. og ikkje så fryktel...

ni fine ting i påsken.

08.04.2012 16:00

ein. fint utevær. to. himla god mat. mykje god mat faktisk! tre. familien. fire. påskeegg og snop. fem. gode frukostar. seks. kreativ maling og sånt. sju. veninnekos med mariel og kvitvin. åtte. russkjole dekorering. ni. verdas finaste mann. hjartekos. ❤ har de hatt det fint i påsken?

ein kreativ sundag og litt påskeferie

01.04.2012 21:41

våkna i dag med litt blå himmel og ei fin kjensle av at no er det helg. sjølvsagt, litt jobb i morgon og på tysdag, men etter det er det faktisk fri. så, måtte ta og kjenna litt på det i dag, på forskudd altså. men sundagar er himla fine. berre himla late. ein treng ikkje gjera nokon ting. fint og kunne nyta frukosten sin v...

sumar på ein sundag.

25.03.2012 21:00

på ein søndag skal ein ikkje gjera nokon ting. eigentleg. men i dag var været så himla fint, nesten sumarsleg, at me berre måtte gå ut. tusla gjennom byn, tenkte me skulle kjøpa milkshake på capello i marken. (dei har verdas beste milkshake.) men det viste seg at dei ikkje har opent på sundagar. jaja, tenkte me og gjekk fo...

endå eit maleri

16.03.2011 16:30

Føler meg himla kreativ og inspirert for tida, og da er så utruleg kjekt! Då er livet himla vakkert. Faktisk. Detta malte eg i går, akryl på lerret, ca 50cm x 50cm. ❤ kva synes de?

endå eit maleri av to vener

01.03.2011 13:37

akryl på lerret 80cm x 60cm har byrja og mala litt att, så smått. malte detta maleriet i går kveld. skal forestilla to venar av meg, sjølv om ein ikkje kan sjå likheita heilt, er ikkje da så nøye, tenker eg. og så er da faktisk akryl. i forholt til olje er akryl MYKJE teitare og bruka når ein skal måla portretter med, som ...

ein tannkost, takk!

17.01.2010 00:10

Ein kjapp teikning som eg teikna på skulen i fjor. Når eg teiknar kjapt, så har eg ingen kontroll over kva eg teiknar, eg berre teiknar. Så ikkje spør meg om noko meining, eller kva faen han skal med ein tannkost. Eg veit ikkje. Men han minner meg litt om ein sirkusmann. Kanskje dei har lange augevipper?

karl persson

16.01.2010 23:03

Berre fordi at eg elsker kunsten hans. Maleria hans er så livaktige, realistiske, fæle og utruleg vakre.http://karlpersson.org/

maleri og mandag

14.12.2009 21:49

Sidan handa mi framleis er teit, vond og opphovna kom eg meg ikkje på skulen i dag. Men, ser ut som om den byrjar og bli betre, sjølv om den endå ikkje er brukandes til noko som helst. Men fekk måla ferdig maleriet som eg skal gje vekk til jul til nokon. Eg vart ikkje heilt fornøgd, men har ei bestilling og to malerier til ...

teikning trettenførtini

11.12.2009 20:50

Me hadde frihandsteikning i dag på skulen. Då kunne me velga sjølve kva me ville teikna. Nokre teikna tre, andre kopper og glas og eg teikna Anette. Ein ekkel versjon av Anette, rett og slett. Sidan detta er berre eit usselt mobilbilete, så er kvaliteten rumpe. Fekk ikkje scanna da sidan me måtte levera da inn. Men synes no...

solgt!

05.12.2009 19:30

No har eg faktisk fått solgt to malerier, og da passa meget fint før jul. Dessuten var eg lei dei, rett og slett. Hørtes teit ut og vera lei sine eigene malerier, men ein blir det. Kanskje ikkje verdas beste bilete av dei, men men. Kva synes du om dei?

skandinavisk design

12.11.2009 10:24

Kva er skandinavisk design?Som namnet seie, så er detta bruksgjenstander, kunst o.l. som er designa av mennesker i skandinavia. Stilretningen hadde sin storheitstid på 50 og 60 tallet, men framleis brukes begrepet mykje til f.eks dagens norske design, slik som selskapet Norway Says. Dei mest kjende designera kjem frå Danmar...

haustutstillinga

16.09.2009 21:23

eg må berre seia at eg gler meg til å reisa til oslo på fredag for og sjå på haustutstillinga. grådeg lenge sidan eg har vore på ein utstilling no. og eg treng verkeleg inspirasjon. når eg flytter i ny leiligheit, dar da er plass til å mala, kjem eg nok til og mala mykje. men eg treng inspirasjon, nu!her er nokre bilete frå...