Stikkord » nynorsk

Kvar vart januar av?

11.02.2009 09:33

Plutseleg var det februar. Eg er framleis ikkje sikker på kvar januar vart av, kanskje han rømde? Eller vart han berre borte, demontert eller tillintetgjort som i ei bok av Johan Harstad? Eg har i hovudsak to idear:For det fyrste nytta eg tri veker til å laga skuleteater, igjen. Utruleg gøy og veldig slitsamt. Eg fiksa lyd ...

Året eg vart nynorsknerd

03.01.2009 20:13

Det har vore advent, utan at eg blogga om det. KEM hadde ein utruleg koseleg joleverkstad, utan at eg nemnte det. Eg har skrive fleire nye kjøleskapsdikt som ikkje ligg på veven. Det var jol, og eg gløymde skriva om det. Eg har ete så altfor mykje mat, utan at eg har klaga over det. Målsiddisane arrangerte grautkveld utan a...

Nye kjøleskapsdikt

02.12.2008 21:35

Eg skriv ikkje så mykje enno, men her får de nokre dikt til. Frå meg til dykk ein desemberdag:Um berre dagane ikkje var tilkunne eg leitasom ei skuggeeg er redd den halvferdige snømannennifs og ordlausstend han i armodskuggendraumar eg?dogvått bulmegradfrys ikkjemen blenkjer som stjernorhøyrde du dei?

Snakk litt med kjøleskapet

13.10.2008 22:41

I bergen kjypte eg nynorsk kjøleskapspoesi. Du veit, slike magnetar med ord ein kan laga dikt av. Mine ord er tufta på dikta til Geirr Tveitt og Olav H. Hauge, og eg trur berre ein kan laga fine dikt med så mange ord. Pappa og meg fekk heilt dilla. Her er eit utdrag frå kjøleskapet:Nymånen stend skamfullkan han ikkjestundom...

Heime igjen

12.10.2008 22:32

Haustferien vart bortimot perfekt. Fyrst nokre rolege dagar der eg berre var med Eirik utan å gjera noko (særleg) meir enn å eta og sjå six feet under. Det var utruleg herleg å berre slappa av. Så kom haustens høgdepunkt: Mangfaldsseminaret til NMU på St. Paul skule i Bergen. Fredag til søndag gjekk eigentleg i eit med hand...

Endå ein nynorskblogg, tenkjer de...

23.09.2008 22:24

Trass ymse erfaring med ulike bloggar, så ligg tankene mine nok ein gong på veven. Eg ser det dimed som naudsynt å koma med ei åtvaring. Eg kan korkje skriva dikt, ta bilete, diskutera politikk eller koma med artige ord frå heimstaden min. Det einaste eg har å dela er dagane mine. Mørke dagar og ljose dagar. I mitt hovudet ...