Stikkord » dikt

Kjøleskapsdikt

02.02.2009 15:55

Medan eg fyrst er i gong får de nokre nye kjøleskapsdikt.Kor kan eg leitaetter midtpunktDesse dagane eg gjeng som ei skugge av stjernor?Um berre ikkje dromedarar var til kunne Jolekvelden kome!Fuglane stryk mot nymånenog katten frysdesse dagane midtvintersDå stundom varast eg:Det kjem ljos yver fjorden

Nye kjøleskapsdikt

02.12.2008 21:35

Eg skriv ikkje så mykje enno, men her får de nokre dikt til. Frå meg til dykk ein desemberdag:Um berre dagane ikkje var tilkunne eg leitasom ei skuggeeg er redd den halvferdige snømannennifs og ordlausstend han i armodskuggendraumar eg?dogvått bulmegradfrys ikkjemen blenkjer som stjernorhøyrde du dei?

No er det 3,5 grader ute...

28.10.2008 21:20

... og eg frys heilt inni meg. Kanskje har det noko med at nesten alle eg er glade i bur så langt vekke. Eller så er det berre det at eg har eit av dei einaste romma i huset utan isolerte yttervegger. Og den kaldaste dyna. Eg veit ikkje, eg. Til å varma dykk får de eit dikt av Charles Baudelaire, som var ein fransk symbolis...

...diktdilla held fram

21.10.2008 15:55

No er kjøleskapet fult av nye dikt eg kan dela med dykk. Eg vert så glad kvar gong nokon nyttar dei vakre orda til Geirr Tveitt og Olav H. Hauge til å seia noko morosamt, ettertenksomt. Morfar, som er nynorskmann, stussa litt på ordvala.Du kjem noko seinthøyrde ikkjeBerre ikkje snakk um katten (passar bra, då katten er heil...

Snakk litt med kjøleskapet

13.10.2008 22:41

I bergen kjypte eg nynorsk kjøleskapspoesi. Du veit, slike magnetar med ord ein kan laga dikt av. Mine ord er tufta på dikta til Geirr Tveitt og Olav H. Hauge, og eg trur berre ein kan laga fine dikt med så mange ord. Pappa og meg fekk heilt dilla. Her er eit utdrag frå kjøleskapet:Nymånen stend skamfullkan han ikkjestundom...